Check if cookies is enabled
Steinsund Marinesenter AS
Meny

Historikk

Ytre Sognefjord og Dalsfjord har eit landareal på 2.700 km2, men har berre omlag 16.000 innbyggarar, d.v.s. 6 innbyggarar pr. km2. Til samanlikning har Oslo over 1.100 innbyggarar pr. km2. Folket i Ytre Sognefjord og Dalsfjord er busatt i små og store bygder i dei 6 kommunane. Her er ingen byar, men tru ikkje at dette hindrar eit myldrande folkeliv med eit vell av aktivitetar rundt omkring i dei ulike bygdene! Bygdene vil gjerne vise deg alt kva dei kan by deg på, og presenterer seg no sjølve på internett med informasjon om historie, næringsliv, arrangement, aktivitetar og mykje meir.

 

Historie

Ytre Sognefjord og Dalsfjord låg tidlegare midt i skjæringspunktet mellom ferdselsvegane nord-sør langs kysten, austover inn Sognefjorden til Austlandet og vestover til Island og dei britiske øyane. Herfrå drog vikingkongar på oppdaging, røvar- og handelstokt «i vesterled» (800-1000), før dei avslutta karrieren med å bli kristne og utforme det norske demokratiet på Gulatinget (900-1300). Svartedauden på 1300-talet gjorde eit stort innhogg i befolkninga. Etterkommarane vart fiskarbønder og handels- og sjøfolk som på fredeleg vis heldt kontakt med den store verda.

Informasjon
Kontakt
Åpningstider